Kva skjer?

Saturday, June 04, 2005

Ferdig meg en...

..starte med den neste. Etter å ha levert mappa mi i HUIN105 er det no MEVI106 som står på timeplanen..eller eksamensplanen. Men det går bra her også, men antalet sider er fleire her og det er også eit litt vansklegare fag. Men vi prøvar.

Friday, May 27, 2005

Ting er i box

Eg god følelse sprer seg i kroppen no. Alle linkar er kontollsjekka og alt fungerer fint. No skal alt berre skrivast ut og så skal eg ut å trekke frisk luft!

Rapport frå gruppearbeidet i HUIN105

Gruppedeltakarar:

  • Ina Birgitte Remme
  • Anne-Kathe Reme
  • Svein Henning Berstad


  • Denne rapporten har eg delt inn i fem ulike fasar for å beskrive dei forskjellige delane som vi har teke prosjektet gjennom. Eigne tankar og vurderingar er blanda med informasjon om korleis delane har gått, både positivt og negativt. Til slutt litt generelt om prosjektet.

    Innleiingsfasen
    Vi brukte tid i starten på å definere prosjektet. Fleire forslag til tema for sidene vart debattert, men vi landa til slutt på å lage nettside for eit fiktivt agentbyrå. For å tileigne oss kunnskap nettsider i denne genren sette gruppa seg ned for å sjå gjennom mange internettsider med liknande innhald. Vi såg mellom anna på sidene til CSI, 24, MI5, Catwoman, X-Men og mange andre. Gruppa konkluderte med at dette var eit prosjekt som var mulig å gjennomføre og interessant. Vi kom fram til eit namn på gruppa, SOS3, og skisserte kva innhald vi ville ha med, utan at vi bestemte dette heilt.

    Konstruksjonsfasen
    Gruppa gjekk pragmatisk til verks på denne fasen. Vi teikna og skisserte på papir for å forklare kvarandre kva vi tenkte og føre oss. Ettersom skissene tok form teikna vi meir og meir på pc, og mange utkast til layout vart vurdert. Vi ville bruke eit diskret layout for å spele på dette med diskrete agentar som nesten er usynlege på jobb. Vi bestemte oss for å lage ei side føljande innhald: Topp med logo og menylinje, hovuddel med tekst og bilete og ein underdel med ”teknisk informasjon”. Vi sette så opp ein fargepallett med RGB-kodar. Tekstfargar, bakgrunnsfargar, menyfargar og markeringsfargar vart sett opp. Fargepaletten ville vi også ha diskret og rolig, slik som agentar skal være.

    Oppbyggingsfasen
    Teknisk oppbygging. Det viste seg at gruppa hadde innbyrdes stor forskjell på den tekniske kompetansen. Eg har laga nokre sider med CSS og PHP tidlegare, medan jentene ikkje hadde så mykje erfaring med dette, særleg PHP. Oppgåva gav ikkje krav om å bruke PHP, men eg såg det som ein god idé å nytte dette systemet ettersom det er mykje brukt og kjekt å kunne for alle i gruppa.
    Innhaldsmessig oppbygging. I starten la vi nokre føringar på kva vi ville ha med på nettsidene. Agentprofilar, oppdrag, utstyr og informasjon om agentgruppa var klarestikkord. Gruppa måtte også ta bilete som vi skulle bruke på sidene. Ein kald og regnfull søndag tok vi med oss fotograf Kjersti og kameraet til litt usjenerte stadar der vi kunne leike superagentar i ro og mak. Etter fotosesjonen gjorde gruppa lite arbeid i fellesskap. Nokre var på reise, andre var på jobb eller andre ting gjorde at gruppedeltakarane jobba kvar for seg. Anne-Kathe og Ina var flike med tekst, medan eg finslipa på den tekniske layouten til sida.
    Vi prøvde å få med oss mange av ideane poenga i læreboka av Ida Engholm og Lisbeth Klastrup: Digitale verdener - de nye mediers æstetik og design. Samtidig som vi stadig lærte mykje både frå nettstadar som www.w3schools.com og frå Jeffrey Zeldman: Designing with Web Standards. Alt dette har vi prøvd å ta med i den praktiske oppbygginga av nettsida.

    Samansettingsfasen
    Når vi så møttes igjen hadde vi gode bilete, gode tekstar og ei teknisk god side. For meg var dette eigentleg den vanskelegaste delen av prosjektet. Sjølv om alle delane kvar for seg er bra, er det ikkje sikkert at det blir bra når ein set det saman. Tekstar på riktig plass med riktig link og teksten formatert slik at den passar med sida. Det blir mykje linkar som skal fungere ettersom det er mage ulike oppdrag, ulikt utstyr, og ulike profilar som skal visast. Men alt dette måtte vi gange med to på grunn av at vi hadde bestemt oss for to språk. Anne-Kathe var linkesjef og gjorde ein flott jobb.

    Sluttfasen
    Siste veka brukte vi mykje til å oversette tekst og få til betre samansetningar av materialet vi hadde. Ina gjorde ein fin Photoshop-jobb som resulterte i nytt foto på introduksjonssida, samt fine collagar i topp og botnen av sida.

    Oppsummering
    Teknisk sett er sida bygd opp av div’tags som blir definert i ei ekstern css-fil. I div’ane blir det inkludert (SSI) html-sider med innhald. Alle sider er laga utan noko formatering, og blir først formaterte idet dei blir inkludert i nettlesaren. Det er laga eit lite php-script i main.php / main.e.php som inkuderer sider alt etter kva link ein trykker på i menyen. Same teknikk er brukt språkvalet, som er det einaste brukarvalet på sida. Heile nettstaden validerer på begge språk hos www.w3schools.com
    Det innhaldsmessige forma er litt delt. Tekstane er skrive på ein slik måte at dei skal virke truverdige, sjølv om dei er storlegne og til tider pompøse. Bodskapen skal gje inntrykk av at dette er ein svært profesjonell og dyktig organisasjon. Litt ironi finns det også: Hemmelege agentar lagar internettside! Vi har derfor eit visst humoristisk tilsnitt i tekstane. Fargane som er brukt går i gråtonar og bileta er gjengjevne i tilnærma svart/kvitt. Etter planen skulle dette gje ein diskret og tilbaketrekt utsjånad. Fontane som er brukt er san-seriff i alle tekstar, sølv om dei varierer litt.

    Det er ikkje noko dynamisk på sidene, anna enn plasseringa til sida alt etter storleiken på skjermen. Animasjonar og lyd er ikkje brukt. Vi hadde lenge planar om å ha ha lyd på sidene, men dette slo vi frå oss på grunn av arbeidsmengda.

    Kva har eg lært?
    Personleg har eg laga nokre få nettsider frå før, så html var ikkje nytt for meg. Samtidig var det første gang eg gjennomførte planleggingsdelen med der tre partar skal meine litt om alt. Det fører til at ein kan kome veldig kort på veldig lang tid om gruppa ikkje klarar å bestemme seg. Fotodelen var også lærerik. Vi tok nesten 150 bilete denne dagen, og vi måtte tenke komposisjon og kamerateknikk samtidig som vi poserte på bileta.

    Ser ein på det ferdige resultatet kan mykje forbetrast. Fargevala blir for kjedelige og monotone. Vi manglar etter mi meining noko som friskar opp og lagar liv i den diskrete og rolege sida. Menysystemet er heller ikkje optimalt. Som ein ser flyttar menyteksten seg fordi teksten blir fet når ein peikar på den med peikaren. Dette fungerar bra når lenkene står ei og ei på kvar linje eller ei og ei i kvar div-tag. Men når mage står på same linje blir det uroleg. Gruppa hadde ein flat organisasjon. Dette førte til at ingen tok leiinga eller føringa, men samstundes blir alle meir deltakar når alle skal bestemme alt. Kanskje ein gruppeleiar, eller ”gruppeleiarinne”, hadde vore lurt.

    Prosjektet ser eg på som ein suksess. Ikkje fordi nettsida vart perfekt, men fordi vi meinar den ikkje er perfekt. Dette kan ein berre mein om ein har utvikla seg og lært noko av det ein har gjort. For min del har denne oppgåva saman med pensum gjeve mange nye perspektiv på korleis ein skal gå fram i utviklinga av nye nettstadar.

    Kjelder:
  • Ida Engholm og Lisbeth Klastrup (red.) Digitale verdener - de nye mediers æstetik ogdesign. København: Gyldendal, 2004.
  • Jeffrey Zeldman: Designing with Web Standards. New Rider Press, 2003.
  • Internett: www.w3schools.com


  • Svein Henning Berstad

    Vi er godt i gang - leke gjør vi dagen lang!!

    Dersom du sit heilt roleg no skal eg legge ut rapporten eg har skrive frå arbeidet med gruppeprosjeket SOS3. Ina, Anne-Kathe og eg har vore (er) agentar.. You'd better watch your back! Sit i ro!

    Thursday, May 26, 2005

    Nettstadsanalyse

    Nettstad: www.volvocars.com
    Student: Svein Henning Berstad
    Emne: HUIN105, vår 2005
    Kommentar: Etter at denne nettstadsanalysen vart skriven kan dei omtala sidene ha blitt endra av Volvo. Analysen er skriven på bakgrunn av sidene på analysetidspunktet.

    I nettstadsanalysen min ser eg nærare på nettstaden www.volvocars.no, som er nettsida til den kjende bilprodusenten i vårt naboland i aust. Volvo er eit kjent merkenamn og har sterke tradisjonar å ta vare på.

    Siktemålet for analysen vil være å sjå korleis Volvo kommuniserer med publikum på nettstaden. Eg vil også finne ut om Volvo prøvar å marknadsføre produktet V50 til spesielle kundegrupper.

    Før eg går i gang med sjølve analysen vil eg undersøke korleis Volvo framstår på generelt plan. Dette for å ha eit bakteppe å sjå resten av nettstaden i forhold til.

    Om Volvo
    Bilmerket Volvo var langt framme i utviklinga av tryggingsutstyr og er kanskje
    leiande på mange tryggingsområde framleis. Samstundes skal bilar ha mest mogleg hestekrefter, ha høg toppfart og være sportslege. Volvo har også utvikla eit design på sine bilar som gjer at vi kjenner att fleire design-grep i dei forskjellige modellane.

    Bilprodusenten og merkenamnet Volvo er godt kjent i så å seie heile verda. Om ein går til www.volvocars.com kan ein velge mellom Volvo-nettstadane til 51 forskjellige land. I tillegg kjem åtte spesialsider til eksempelvis diplomatsalg, militærsalg, internasjonal side for selskapet og så vidare. Det er klart at Volvo-konsernet er stort og omfattande på mange måtar. Men set no at vi gløymer det vi veit om Volvo. Kva møter oss på den internasjonale sida?

    Sida er relativt nøytral. I framgrunnen står ein blå bil parkert på ei sandstrand, lenger nede er det to "land-surferar" på veg forbi i tilsynelatande stor fart. Vi får inntrykk av farten på grunn av at det er brukt lang lukkertid på bildet. Som kjent konnoterer den blå fargen på bilen noko som er til å stole på, trygt og sikkert. Når den blå bilen står roleg i same bildet som dei to landsurfarane rasar av stad, virkar bilen svært trygg.

    På alle sidene er designet det same. Fontane er san-serif på alt, unnateke merkenamnet som er skrive med ein spesiell seriff. Fargen som dominerer er blått. Menyar, bakgrunnar, markørar og fontar er i blått, sjølv om fargetonen endrar seg frå element til element.

    Den internasjonale førstesida, www.volvocars.com

    Slik eg ser det vil Volvo på den internasjonale førstesida framstå som eit bilmerke som er trygt for kjøparane. Men det trygge bilmerket blir sett i samanheng med aktive personar som driv med ein meir ”utrygg” sport som appellerer til eit yngre publikum. Dette er basert på fargeval, motivval og eit innhaldsval der veldig mange land er rekna opp. Inntrykket av kvalitet er tilstades. Med dette bakteppet går eg i gang med analysen.

    Frå <br />startsida til www.volvocars.no

    Over er førstesida til modellen V50 vist. Sida har ein blå toppmeny med "om Volvo-artiklar", reklame for V50 (ein av modellane) og under biletet ein meny med alle modellar. I biletet står ein raud Volvo V50 parkert i eit travelt bymiljø. På høgre side har vi bilen, på venstre side ser vi ei kvinne som leier eit barn i kvar hand og ein mann som kjem bak. Vi ser det ikkje, men det kan sjå ut som mannen ber noko. Kvinna og mannen er 25 - 30 år og eg får ei føling av ein ung og lykkeleg familie. Volvo har plassert dette i ein tilsynelatande amerikansk by, med gule taxiar i bymiljøet. For å lese meir om V50 kan ein følje ein link. Ein får så opp eit nytt vindauge der ein tilsynelatande har teke steget rett inn i reklamefilmen til V50. Det er denne delen eg vil analysere med tanke på kva kjøpegrupper den er retta mot.

    Frå startsida til presentasjonen av V50

    Teknisk er det som møter oss ein flashpresentasjon. Deler av biletet står fast medan det stadig dukkar opp animerte personar og bilar i bildet. Det nye vindauget som blir opna er maksimert og vi har derfor ikkje forstyrrande ting bak eller ved sida. Når ein peikar på deler av sida med musa vil dei reagere og det kjem fram ein kort tekst om kva som skjer når ein trykker. Det at lenkene ikkje er intuitive, men må forklarast med tekst vil mange sjå på som dårleg design. Det er kanskje vanskeleg å få eit bilete til å fungere perfekt på denne måten. Om ein likevel ser nøye etter er det mulig å lese for eksampel at det står ”BOOK A TEST DRIVE” på telefonkiosken. Om ein ikkje ser nøye på dette vil ein oppfatte teksten som ein del av ein plakat eller skrifta på telefonkiosken. Ein forventar ikkje at det skal stå noko der som har med nettsida å gjere. Men eg synest at dette er løyst på ein grei måte, sjølv om det er teke i bruk ekstra tekst for å forklare.

    Biletet er i den same konteksten som på førstesida, men no utan den beskrivne familien. Det er ikkje vidare tekstleg informasjon på denne sida. Lyden på sida er godt tilpassa. Om ein ikkje peikar på noko spesielt høyrer ein konstant lyden av ein travel bykjerne. Bilar som bremsar, akselererer, sirener, folk og bussar dannar eit lydteppe som står godt til biletet. Om ein peikar på delar av biletet, for eksempel telefonkiosken, avishaldaren, sjølve bilen, reklameplakatar eller på kinolerretet kjem det lydar som varslar om at her er noko ein kan trykke på. Dette er sannsynlegvis for å hjelpe publikum til å forstå at ein kan klikke for å følje linken. Problemet slik eg ser det, er at det ikkje er mulig å slå den av. Etter litt tid blir ein trøtt i øyrene av å høyre bilar som tutar og sirener som uler.

    Så langt kan ein seie at presentasjonen av Volvo V50 har plassert seg i eit urbant miljø med bylivet tett innpå. Kven dette tiltalar vil variere. Men ein kan spørje seg om ein mann som er busett i byen og likar bylivet samanlikna med ein mann busett på landet og likar landslivet vil oppfatte dette likt. Kva med mannen på landsbygda som drøymer om å flytte til byen?

    Om ein peikar på bilen står det: ”SE MER AV BILEN”. Om ein klikkar der dempar lydnivået seg og vi får sjå ein flatskjerm-liknande skjerm og det blir lasta inn ein filmsnutt. Når filmsnutten er lasta startar filmen. Dette er flashanimasjonar. Ein får tydeleg følinga av at det er eit amatøropptak ein ser på, sjølv om dette sjølvsagt er filma av profesjonelle. Ein bil kjem køyrande og stoppar. Då blir det meir interessant. Ei kvinne mellom 22 og 27 år helsar oss som om vi var nære kjende og vil vise oss den nye bilen ho har kjøpt seg.

    Frå reklamefilmen for V50. Dama er smilande, blid og direkte i sin kommunikasjon.

    Filmsnutten har dokumentaristisk/privatfilm preg med handheldt kamera og diegetisk lyd. Kvinna pratar på engelsk om bilen, design, baklykter, interiøret, setene, stereoanlegget, mobiltelefonen, GPS'en, innfellbare sidespeil, bagasjeromplassen og dei nedfellbare setene. Kvinna viser oss at det god lyd i stereoanlegget, men nemner ingen spesifikasjonar. Ikkje eit ord om hestekrefter, newtonmeter, girkasse, aklslerasjon eller noko som tradisjonelt menn er meir interessert i.

    Frå reklamefilmen for V50. Ein kan også legge ned framsetet.

    Kvinna snakkar direkte til kameraet og har eit direkte og uformelt språk. For meg personleg hadde det virka litt rart om ei veninne hadde snakka på denne måten til meg. Dette kjem for eksempel fram når ho pratar om mobiltelefonen. Den norske teksten er: "Du vet, noen ganger er det personer man helst ikke vil snakke med, og da ... ja, du vet.." Eg, som gut, forstår ikkje heilt med ein gong kven ho meiner her. Men min sambuar Kjersti forstod med ein gong at det var snakk om ein kjærast, eller noko slikt. Her ser vi tydeleg at Volvo vender seg til kvinner når dei skal selje bilen. Eg spelte denne videoen for venner, jenter og gutar, og resultatet samsvara med reaksjonen Kjersti og eg hadde. Både menn og kvinner kan forstå at det er nokon ho ikkje vil prate med, men kvinner tolkar dette meir intuitivt enn menn. Mine svært uoffisielle testar på venner viser at mange menn vil undre på kven dette er, mens kvinner berre godtek at det er ”nokon”. Eg meinar at dette videoklippet er retta meir mot kvinner enn mot menn.

    Dei andre linkane på sidene sender deg direkte vidare til skjema du kan fylle ut for å få tak i informasjon og bestille prøvekøyring. Den siste viser deg eit tilbyd på den nye dieselmotoren som V50 kan leverast med. Dette informasjonsplakatar med enkle bodskap som er plasserte som biletet på ein tv-skjerm. For meg gjev dette like god informasjon for alle som les. Det er altså videoen som i hovudsak presenterer bilen i denne delen.

    V50 utganspunkt
    For å kunne samanlikne med andre modellar navigerer eg meg inn i delen der alle bilane i modellutvalet, også V50, blir presentert. Når ein kjem til denne V50-presentasjonen er det første som møter oss er ein blå bil som står rolig. Under linken ”Opplev Volvo V50” får kjem det ein flashanimasjon fram. Denne er sett saman av bilder av bilen i daglegdagse situasjonar. Også her er det mykje fokus på kvinner. Mellom anna er det avbilda gravide kvinner ved bilen og ofte er det kvinner bak rattet og mannen i passasjersetet. Men der som regel alltid ei kvinne og ein mann som er glade og lykkelige på bildene. Dette konnoterer glede, familielykke og gode dagar.

    Frå presentasjonen av V50 Gravide damer, menn med surfebrett og bilen midt i det heile.

    Strukturen er standard, med menyen på venstre side av sida og ein toppmeny med informasjon om Volvo-selskapet. Vi vel frå menyane, og flashanimasjonane kjem som perler på ei snor. Det er ikkje lyd på desse animasjonane.

    V70 - samanlikning
    Om vi ser på modellen V70 som er ein større bil i same serien som V50 får vi først fram bide av ein svart bil som ser ut til å være i stor fart. Inne i bilen sit kvinna i passasjersetet og mannen køyrer doningen. Alt no føler eg at Volvo har snudd litt på mønsteret frå presentasjonen av V50.

    Frå presentasjonen av V70

    Strukturen er ganske standard. Ein meny på venstresida lar eg velje kva du informasjon søker. Dette er enkelt og funksjonelt. Om ein går vidare inn i informasjonen om V70 er det veldig lite personar på bileta. Det mykje fokus på tekniske detaljar der ein kan trykke på deler av bilen for å få meir detaljert informasjon.

    Detaljar om motor og hjuloppheng på V70 blir lagt fram.

    Teksten er her vanskeleg å lese på grunn av ein flashanimasjon som dekker over store deler. Dette er ein programmeringsfeil. Det er mykje fokus på familie og tryggleik her også, men med ei meir teknisk vinkling. Litt kaldare presentert og med mindre emosjonelle viremiddel.


    Eit utdrag frå beskrivinga av V70 ser slik ut:

    ”Volvo V70 er sportsbilen for deg som liker å drive med sport. I tillegg til god plass og unik fleksibilitet, har den mange sporty detaljer, et imponerende sikkerhetsnivå og sportslige ytelser. Volvo V70 har responsvillige femsylindrede motorer fra 130 til 300 hk! Ytelsen på stereoanlegget er det heller ikke noe å si på: Du kan få Volvo V70 med ni høyttalere, subwoofer og Dolby Surround Pro Logic II på 445W!”

    Her blir det fortalt om god plass, fleksibilitet, sporty detaljar, tryggleiksnivå og ytingar. Sylindrar, hestekrefter, stereoanlegg med spesifikasjonar i alle retningar. Sannsynlegvis skrive av menn, for menn. Til meg appellerer presentasjonen av V70 meir enn presentasjonen av V50. Ramma dette blir presentert i er den same som for V50, men resultatet blir forskjellig. V70-presentasjonen blir meir teknisk, tøff og etter mitt skjønn meir gute-aktig


    Oppsummering
    Etter å ha analysert dette utvalet av Volvo sine nettsider er det rimeleg klart at Volvo brukar mykje resursar på å sette produkta sine inn i den rette konteksten når dei skal selje dei på nettet. Sjølv om mange kjøper bruktbil direkte på nettet, er det ingen som kjøper ny bil direkte på nettet. Men veldig mange går vegen via nettsider for å få informasjon om produktet dei vil kjøpe. I denne samanhengen er det viktig å få plassere produkta slik at vi som kundar føler at akkurat dette er det riktige produktet.

    Etter mi meinig viser denne analysen at dei forskjellige modellane til Volvo blir presentert forskjellig alt etter kven som er målgruppa for bilen. Ikkje så utruleg kanskje, men det er likevel spennande å sjå på kva virkemiddel om blir brukt for å nå dei ulike gruppene.

    Å skrive kjeldeliste til denne analysen er nesten unødvendig. Eg har lese ”Tekstanalyse” av Leif Ove Larsen som er den del av HUIN105 kompendiet. Denne analysen er skriven med denne teksten friskt i minnet.

    Kilder: Leif Ove Larsen: ”Tekstanalyse”. Kompendium HUIN105, våren 2005
    Notat frå forelesningar.


    Svein Henning Berstad

    Nytt design på bloggen

    Då kan eg til stor glede for alle dei 3 som siste månaden har vore innom og lest i denne bloggen kome med ei stor nyheit! DESIGNET ER ENDRA! Til det betre? Truleg. Uasett er det mykje meir eigenart her no, ettersom eg har laga litt grafikk og "hengt opp på veggane".

    Wednesday, May 25, 2005

    Digital mappe!

    Då er det digitale mappa klar: LINK! Eg høyrer ei svak nynning: "vi vil ha fri, vi vil ha fri fra skolens slaveri... vi vi kaste ransel og penal... " Men nei, alt for tidleg endå!!!

    Monday, May 23, 2005

    Nedtelling

    Det er ikkje lenge igjen til eksamen no. Gruppearbeidet går bra og alle i gruppaa står på for å bli ferig med dei siste bitane. Det er morro..for det blir bra! Personlig er det enkelte av delane som ikkje er på plass endå, men vi skal nok få til det som trengst for at både sensor og meg sjølv skal bli fornøgd med vårsemesteret på UiB.

    Monday, May 16, 2005

    blogg?

    Det verserar rykter i HUIN105-miljø at det vi skriv inn i denne loggen skal være fagrelatert. Oi... Det har vel absolutt ikkje mine ting vore. Om dette er sant vil du nok finne meg svært lagt ned på karakterskalaen. Men slik blogg... det er ikkje heilt meg.. eg har aldri likt å "utlevere" meg på nokon måte, og i alle fall ikkje på nett. Ordet "tvangssolialisering" har vore nevnt. Eg har ikkje kommentert det. Men kanskje eg har teke feil heile tida; om vi skulle skrive fag-ting her blir denne bloggen ikkje så meinigslaus likevel. :|

    Thursday, May 12, 2005

    PHP på plass

    Då har dei fått fiksa PHP-støtta på huin.uib.no FLINKE FOLK! haha.. nei, feil skjer over alt.. Så no skal vi igjen få jobba med nettsida for heltar.

    Brom brom.