Kva skjer?

Friday, May 27, 2005

Rapport frå gruppearbeidet i HUIN105

Gruppedeltakarar:

  • Ina Birgitte Remme
  • Anne-Kathe Reme
  • Svein Henning Berstad


  • Denne rapporten har eg delt inn i fem ulike fasar for å beskrive dei forskjellige delane som vi har teke prosjektet gjennom. Eigne tankar og vurderingar er blanda med informasjon om korleis delane har gått, både positivt og negativt. Til slutt litt generelt om prosjektet.

    Innleiingsfasen
    Vi brukte tid i starten på å definere prosjektet. Fleire forslag til tema for sidene vart debattert, men vi landa til slutt på å lage nettside for eit fiktivt agentbyrå. For å tileigne oss kunnskap nettsider i denne genren sette gruppa seg ned for å sjå gjennom mange internettsider med liknande innhald. Vi såg mellom anna på sidene til CSI, 24, MI5, Catwoman, X-Men og mange andre. Gruppa konkluderte med at dette var eit prosjekt som var mulig å gjennomføre og interessant. Vi kom fram til eit namn på gruppa, SOS3, og skisserte kva innhald vi ville ha med, utan at vi bestemte dette heilt.

    Konstruksjonsfasen
    Gruppa gjekk pragmatisk til verks på denne fasen. Vi teikna og skisserte på papir for å forklare kvarandre kva vi tenkte og føre oss. Ettersom skissene tok form teikna vi meir og meir på pc, og mange utkast til layout vart vurdert. Vi ville bruke eit diskret layout for å spele på dette med diskrete agentar som nesten er usynlege på jobb. Vi bestemte oss for å lage ei side føljande innhald: Topp med logo og menylinje, hovuddel med tekst og bilete og ein underdel med ”teknisk informasjon”. Vi sette så opp ein fargepallett med RGB-kodar. Tekstfargar, bakgrunnsfargar, menyfargar og markeringsfargar vart sett opp. Fargepaletten ville vi også ha diskret og rolig, slik som agentar skal være.

    Oppbyggingsfasen
    Teknisk oppbygging. Det viste seg at gruppa hadde innbyrdes stor forskjell på den tekniske kompetansen. Eg har laga nokre sider med CSS og PHP tidlegare, medan jentene ikkje hadde så mykje erfaring med dette, særleg PHP. Oppgåva gav ikkje krav om å bruke PHP, men eg såg det som ein god idé å nytte dette systemet ettersom det er mykje brukt og kjekt å kunne for alle i gruppa.
    Innhaldsmessig oppbygging. I starten la vi nokre føringar på kva vi ville ha med på nettsidene. Agentprofilar, oppdrag, utstyr og informasjon om agentgruppa var klarestikkord. Gruppa måtte også ta bilete som vi skulle bruke på sidene. Ein kald og regnfull søndag tok vi med oss fotograf Kjersti og kameraet til litt usjenerte stadar der vi kunne leike superagentar i ro og mak. Etter fotosesjonen gjorde gruppa lite arbeid i fellesskap. Nokre var på reise, andre var på jobb eller andre ting gjorde at gruppedeltakarane jobba kvar for seg. Anne-Kathe og Ina var flike med tekst, medan eg finslipa på den tekniske layouten til sida.
    Vi prøvde å få med oss mange av ideane poenga i læreboka av Ida Engholm og Lisbeth Klastrup: Digitale verdener - de nye mediers æstetik og design. Samtidig som vi stadig lærte mykje både frå nettstadar som www.w3schools.com og frå Jeffrey Zeldman: Designing with Web Standards. Alt dette har vi prøvd å ta med i den praktiske oppbygginga av nettsida.

    Samansettingsfasen
    Når vi så møttes igjen hadde vi gode bilete, gode tekstar og ei teknisk god side. For meg var dette eigentleg den vanskelegaste delen av prosjektet. Sjølv om alle delane kvar for seg er bra, er det ikkje sikkert at det blir bra når ein set det saman. Tekstar på riktig plass med riktig link og teksten formatert slik at den passar med sida. Det blir mykje linkar som skal fungere ettersom det er mage ulike oppdrag, ulikt utstyr, og ulike profilar som skal visast. Men alt dette måtte vi gange med to på grunn av at vi hadde bestemt oss for to språk. Anne-Kathe var linkesjef og gjorde ein flott jobb.

    Sluttfasen
    Siste veka brukte vi mykje til å oversette tekst og få til betre samansetningar av materialet vi hadde. Ina gjorde ein fin Photoshop-jobb som resulterte i nytt foto på introduksjonssida, samt fine collagar i topp og botnen av sida.

    Oppsummering
    Teknisk sett er sida bygd opp av div’tags som blir definert i ei ekstern css-fil. I div’ane blir det inkludert (SSI) html-sider med innhald. Alle sider er laga utan noko formatering, og blir først formaterte idet dei blir inkludert i nettlesaren. Det er laga eit lite php-script i main.php / main.e.php som inkuderer sider alt etter kva link ein trykker på i menyen. Same teknikk er brukt språkvalet, som er det einaste brukarvalet på sida. Heile nettstaden validerer på begge språk hos www.w3schools.com
    Det innhaldsmessige forma er litt delt. Tekstane er skrive på ein slik måte at dei skal virke truverdige, sjølv om dei er storlegne og til tider pompøse. Bodskapen skal gje inntrykk av at dette er ein svært profesjonell og dyktig organisasjon. Litt ironi finns det også: Hemmelege agentar lagar internettside! Vi har derfor eit visst humoristisk tilsnitt i tekstane. Fargane som er brukt går i gråtonar og bileta er gjengjevne i tilnærma svart/kvitt. Etter planen skulle dette gje ein diskret og tilbaketrekt utsjånad. Fontane som er brukt er san-seriff i alle tekstar, sølv om dei varierer litt.

    Det er ikkje noko dynamisk på sidene, anna enn plasseringa til sida alt etter storleiken på skjermen. Animasjonar og lyd er ikkje brukt. Vi hadde lenge planar om å ha ha lyd på sidene, men dette slo vi frå oss på grunn av arbeidsmengda.

    Kva har eg lært?
    Personleg har eg laga nokre få nettsider frå før, så html var ikkje nytt for meg. Samtidig var det første gang eg gjennomførte planleggingsdelen med der tre partar skal meine litt om alt. Det fører til at ein kan kome veldig kort på veldig lang tid om gruppa ikkje klarar å bestemme seg. Fotodelen var også lærerik. Vi tok nesten 150 bilete denne dagen, og vi måtte tenke komposisjon og kamerateknikk samtidig som vi poserte på bileta.

    Ser ein på det ferdige resultatet kan mykje forbetrast. Fargevala blir for kjedelige og monotone. Vi manglar etter mi meining noko som friskar opp og lagar liv i den diskrete og rolege sida. Menysystemet er heller ikkje optimalt. Som ein ser flyttar menyteksten seg fordi teksten blir fet når ein peikar på den med peikaren. Dette fungerar bra når lenkene står ei og ei på kvar linje eller ei og ei i kvar div-tag. Men når mage står på same linje blir det uroleg. Gruppa hadde ein flat organisasjon. Dette førte til at ingen tok leiinga eller føringa, men samstundes blir alle meir deltakar når alle skal bestemme alt. Kanskje ein gruppeleiar, eller ”gruppeleiarinne”, hadde vore lurt.

    Prosjektet ser eg på som ein suksess. Ikkje fordi nettsida vart perfekt, men fordi vi meinar den ikkje er perfekt. Dette kan ein berre mein om ein har utvikla seg og lært noko av det ein har gjort. For min del har denne oppgåva saman med pensum gjeve mange nye perspektiv på korleis ein skal gå fram i utviklinga av nye nettstadar.

    Kjelder:
  • Ida Engholm og Lisbeth Klastrup (red.) Digitale verdener - de nye mediers æstetik ogdesign. København: Gyldendal, 2004.
  • Jeffrey Zeldman: Designing with Web Standards. New Rider Press, 2003.
  • Internett: www.w3schools.com


  • Svein Henning Berstad

    0 Comments:

    Post a Comment

    << Home